elling2.jpg (48644 bytes) DAL-ELLING  vart fødd 7. februar 1859, og det fulle namnet hans var Elling Sjursen Gjerde. Foreldra var Sjur Endreson Gjerde og Brita Ellingsdtr. Ty, og desse hadde ein plass fremst i Riverdalen. Der voks Elling opp, og han endra seinare familienamnet til Fagerlund. Denne endringa må ha skjedd etter folketeljinga i år 1900, og seinast da det nye namnet vart nytta på eit skøyte i 1918. I dagleg tale vart han berre kalla Dal-Elling.

På slutten av 1880-åra fekk han sette opp ei lita stove om lag der huset til Erling Yttri står i dag. I 1897 kjøpte han dette arealet av brødrene Knutsen, og i 1918 kjøpte han eit naboareal av Hans H. Njøs. Dette stykket gav han sitt eige namn, Fagerlund. Heile eigedomen var på ein stad mellom ein og to mål, og der dyrka han korn og potet. Han eigde på begge sider av vegen, og sette opp ein skomakarverkstad på den andre sida av vegen. Han hadde også eit eldhus der.

Dal-Elling var utdanna skomakar, men han dreiv ikkje så mykje med dette. Han var interessert i sjøen og i båtar, og var difor gjerne med og ekspederte rutebåtane. Det var den gongen eit privat selskap som konkurrerte med Fylkesbaatane, og desse gjekk til to kaier på Henjasanden. Den eine kaien låg der Forbrukarsamvirket ligg i dag, og vart eigd av Sigurd Husabø og Nils P. Henjum. Desse to var svograr og dreiv daglegvarehandel i det huset der Forbrukarsamvirket i dag fører byggevarer. Nils P. Henjum var bror til Skak Henjum som eigde Skakgarden, og var farbror til m.a. Arild Henjum og Per Henjum.

Den andre kaien låg der kor kaien til Aarskog ligg i dag. Den var eigd av Mathias Dugstad og seinare av svigersonen, Kristoffer Aarskog. Dei dreiv handel der Systova held til i dag. Den private båten gjekk til begge kaiane, og Dal-Elling gjekk mellom kaiane og var med begge stader. Arbeidstilhøvet var nokså uformelt og han vart helst løna i naturalia. Han sette stor pris på ertesuppe med salta kjøt, og blodpølse var han og glad i.

DAL-ELLING

Meir om Elling