Spesielle evner.

Dal-Elling hadde overnaturlege evner, og han skal ha lært dette av ei samekone frå Finnmark. Eg tviler på at Dal-Elling kan ha vore i Finnmark, og eg vil tru at han i tilfelle må ha treft denne samekona ein annan stad. Det går ei mengd historier om desse evnene hans. Den mest kjente er den om kyrne til Hafstad. Mathias Hafstad (stefar til Kikka) budde i det kvite huset bak Elvegard der Kikka no bur. Han hadde 2 kyr, og desse skulle han drive fram til Riple, eit jordstykke oppe i Gjerde. Det hende at kyrne kom ned i åkeren til Dal-Elling. Han tok dette opp med Hafstad, men Hafstad sa til han at han måtte sette opp gjerde. "Jau", sa Dal-Elling "eg skal setje opp gjerde, og eg skal setje opp eitt som helde og, eg". Han sette likevel ikkje opp noko gjerde, men da kyrne neste gong skulle på beite nekta dei plent å gå forbi eigedomen til Dal-Elling. Hafstad prøvde med all si makt, men ingenting nytta. Kyrne snudde og gjekk opp Gjertrudbakken der dei aldri hadde gått før. Det samme gjentok seg da dei skulle heim att om kvelden. Hafstad fortalde dette til kona si, og da sa ho at "Du får køyre fram med eit møkalass til han og ta med deg eit mjølkespann med det samme, så tenkje eg at det vert ei råd". Det var nemleg kjent at Dal-Elling, som ikkje hadde dyr, alltid var interessert i møk til gjødsling. Hafstad følgde rådet til kona si, og vart vel motteken. Neste dag gjekk kyrne forbi eigedomen som før.

Ein gong måtte Erling Yttri og nokre andre karar leita etter ein okse i Henjadalen. Dei klarte ikkje å finne han og spurde Dal-Elling til råds. "Erling har vore nær han, han står i ei skòr" sa han. Dei fann oksen og alt stemde. Det var mange som bad Dal-Elling om hjelp når dei ikkje fann att dyra sine.

Dal-Elling hadde ein gong Hag-Ola (Olav Hagen) og Stig-Eirik (Eirik Husabø) heime hos seg til hjelp med noko muring. Hag-Ola fekk plutseleg tannverk, og Dal-Elling gjorde da eit eller anna med ein kortstokk. Plutseleg spratt ovnsdøra opp og tannverken forsvann. Da desse to skulle heim om kvelden, fekk Hag-Ola det travelt med å koma av garde. "Du må vente, kar" sa Stig-Ola "så vi får følgje". "Ta det med ro" sa Dal-Elling, "han kjem ikkje langt". Det gjorde han heller ikkje, for da han kom ned på Stampekloppa kom tannverken att. Han måtte opp igjen for ein ny kur hos Dal-Elling, og etter dette fekk dei begge følgje ut til Husabø. Det gjekk den gongen ei vassrenne som førte vatn frå Henjaelva til ei stampe som tilhøyrde familien Knutsen. Stampekloppa gjekk over denne renna og kloppa låg litt nedafor det huset der ISIS held til i dag.

Hag-Ola voks opp på eigedomen Hagen. Denne har i dag adresse Hellebergvegen 9 og den siste som budde der var bror hans, Ragnvald (eller Vald) Husabø. Hag-Ola kjøpte seinare ein eigedom som han ga namnet Solbakken og tok dette namnet som familienamn. Denne eigedomen har no adresse Solbakken 6 og vert eigd av Gerd Midtun. Ho er barnebarn til Hag-Ola.

Stig-Eirik eigde den plassen på Røvhaugen som no har adresse Husabøvegen 9. Noverande eigar er Håvard Ølmheim. Stig-Eirik var far til den førre eigaren, Erling Husabø eller Linken.

Merra til Johannes I. Henjum, svigerfar til Erling Yttri, vart slept på beite på Stoksete, men hadde ein lei uvane med å reise ut til Hamrestølane. Da Dal-Elling lånte merra ein gong, kjælte han med ho og sa: "Du har god nok hamn der du høyre te, du" og etter den dagen heldt merra seg alltid på Stoksete.

Det skal også ha føregått uforklarlege ting i stova hans. Ein kveld hadde dei plutseleg sett at ei likkiste for gjennom rommet. "Ta de med ro", sa Dal-Elling, "det er ikkje her i grendi" og det stemde. Synet varsla eit dødsfall ein annan stad i bygda.

Ein kveld var det samla nokre karar hos han, og da det leid mot den tida da dei skulle gå heim, vart Dal-Elling uroleg og bad om at dei ikkje måtte gå enda. Da fekk dei plutseleg sjå ein liten mann, kan hende to eller tre tommar høg som gjekk omkring på lampeskjermen. "Ta det med ro", sa Dal-Elling, "han forsvinn snart", og det gjorde han.

Han tålte ikkje at det vart gjort narr av han. Han var ein gong i eit bryllaup på Barsnes, og verten tok da til å terge han litt. "Eg trur du skal ta deg ein tur i fjøsen, du" sa Dal-Elling til han, og det viste seg da at oksen var komen laus. Han kunne og straffe folk ved å gje deg diaré. Andre kunne få lus frå ein gamal frakk som hang i stova hans, men dei han likte fekk aldri lus av han

Det hende og at han spådde folk, og hadde synspunkt på korleis det ville gå med enkelte i bygda. Det var likevel ikkje alle som hadde tru på denne spåinga hans, dei meinte at han var flinkast til å spå om ting som hadde hendt. Ein av dei som tvilte var Johannes Kvålen. Dal-Elling spreidde da ein kortstokk ut over bordet med baksida opp og spurde kva for eit kort han skulle snu. "Du får ta sparesset" sa den andre, og det første kortet Dal-Elling snudde var sparesset.

 

Stansing av blod.

Dal-Elling var kjent for den evna han hadde til å stoppe blod. Det var serleg aktuelt å stoppe naseblod. Han nytta forskjellige metodar, den vanlegaste var å ta eit skikkeleg tak i nasen og klemme til. Det hende og at han i tillegg sa høgt: "Jesus Krist og Hellige Ånd". Han kunne og gjere det så enkelt at han slepte ein stabbursnøkkel ned langs ryggen på vedkomande. Det kalde stålet på den nakne huda gjorde at pasienten kvapp til og det var av og til nok til at blodet stansa.

Kommunelege Gro Selås har fortald meg at Dal-Elling nok visste kva han gjorde. Legane fortel gjerne til folk at dei kan stanse naseblod ved å ta tak i nasen og klemme til. Selås har og fortald meg at når ein vert skremd, som t.d. ved at noko kaldt uventa kjem innpå huda, vil binyrene frigjere adrenalin. Dette fører igjen til at blodårene i huda og i slimhinnene trekkjer seg saman, og dette kan vere nok til at blødinga stansar.

Dal-Elling var ein gong på Fimreite da han vart henta for å stoppe blod til Gudvin Tveit, far til Jostein Tveit, i Feios. Han hadde fått ein kniv i låret, og dei fekk ikkje stansa blodet. Da dei var komne eit godt stykke ut på fjorden sa Dal-Elling at dei kunne snu for blodet var no stoppa. Dei andre protesterte sjølvsagt, men Dal-Elling fekk viljen sin, og det viste seg etterpå at blodet hadde stoppa på det tidspunktet da han ba dei om å snu.

I Sogns Tidende er det i november 1918 eit innlegg som er underskrive P.K.K og som har overskrifta "Den spanske syke". Spanskesjuka førte ofte til naseblod og P.K.K. tilrår i slike tilfelle å oppsøkje Dal-Elling. Han skriv m.a. at "Han har stoppet blødningen paa i alt 12-14 stykker, hvor denne var saa voldsom, at den unegtelig vilde havt døden til følge, og hvor alt andet var prøvet. I alle tilfælder hvor han har været hentet, har han stoppet blødningen med en gang. Ikke i noget tilfælde har det gaat galt". Eg veit ikkje kven P.K.K. var, men det går an å gjette at det er Per Klingenberg Knutsen, søskenbarn til far til Atle Knutsen og farbror til Anna Hamre. Han var fabrikkeigar og trelasthandlar på Hermansverk. Avisinnlegget viser i alle tilfelle kva for omdømme Dal-Elling hadde.

Han stoppa også blod frå vanlege sår, og han skal da ha nytta besvergelsar av ymse slag.

 

Dal-Elling og tromma.

Tromma vert alltid omtala når praten kjem inn på Dal-Elling. Han har hatt i alle fall 2 trommer. Den eine vart seld til museet i Ambla i 1910, men eg kjenner ikkje grunnen til dette salet. Kan hende hadde han alt den gongen to trommer og selde den eine? Han hadde i alle fall ei tromme heime så lenge han levde, og denne har eit namneskilt med namnet "Milla Fagerlund". Dette skiltet vart laga av urmakaren Vetle-Verken, eller Ola Njøs som var det eigentlege namnet hans. Han budde fremst i Riverdalen, og var dverg. Dette var grunnen til den første delen av tilnamnet, den andre delen skuldast at bestefaren kom frå Verken.

Det var gjerne og sløyfer på tromma. Han gifta seg med denne tromma, og det var eit skikkeleg bryllaup der ein person agerte prest, og det var innbodne gjester. Han for rundt med tromma da han skulle be, og det vart laga ei vise om dette der den første lina var slik: "Framføre Kyndelsmesshelg, flaug han rundt som ein elg--". Resten av visa har sikkert gått i gløymeboka.

Kvar nyttårsaftan var det oppmarsj frå Riverdalen til fylkesmannsgarden. Dal-Elling gjekk fremst og slo på tromma, medan ein flokk ungdomar følgde etter.

Han nytta også tromma i 17. maitog, og ein fortel om at toget gjekk opp Gjertrudbakken til den garden som no vert eigd av Nils J. Njøs. Der fekk dei øl og så gjekk dei vidare til Brundene der dei snudde og gjekk samme ruta attende. Andre fortel at han gjekk føre med tromma og så følgde 4 fløymenn som han kalla det. Opphavleg vart det nytta ein staur som skulle symbolisere ei fane, seinare fekk han overta ei fane frå ungdomslaget.

Andre igjen fortel at 17. mai gjekk toget innover frå Hanehaug med musikklaget i spissen, og frå Hermansverk kom toget med Dal-Elling og tromma. Dei møttest da i Lunden, der 17. mai-feiringa gjekk føre seg den gongen. Lunden var ei treklynge på oppsida av vegen på fylkesmannsgarden. Den vart fjerna kring 1980.

Det var forbode å feire 17. mai under okkupasjonen, men Dal-Elling brydde seg ikkje om det. Han tok til å tromme slik han pla gjere denne dagen, og det var enkelte av dei tyske soldatane som trudde at dette var signal til opprør eller noko anna alvorleg. Dei vart likevel roa ned og tykte da at dette var ein artig kar. "Er han fattig?" spurde dei, og fekk til svar at Dal-Elling nok ikkje eigde så mykje. Da tok tyskarane initiativ til ei innsamling, og det vart samla inn pengar som han skulle nytte til jonsokbryllaup.

Han spelte revelje, dobbel revelje og noko som vert kalla for spissrot. Eg veit ikkje kva dette siste er, men det var desse tre signala han kunne.

Han heldt jonsokbryllaup for ungane. Han hadde i det heile eit godt lag med ungar. Ungane meinte likevel å vita at han kunne trolle, og det gjorde at dei også var litt usikre på han, og nødig gjekk aleine forbi stova hans i mørkret.

 

Ymse trekk ved Dal-Elling.

Dal-Elling var ikkje spesielt høg, men skal ha vore ein staseleg kar. Dette går og fram av bileta. I militæret vart høgda hans målt til 65,5 tommar, og med den gamle tommelengda på 2,615 cm vert dette 171 cm.

Han skal ha vore sterkare enn dei fleste, og det går historier om diverse tunge lyft som han skal ha gjort. Han skal ein gong ha bore eit sirupsfat på 150 kg utan berestroppar. I Vik skulle det ha vore ein stein som berre Dal-Elling hadde klart å løfte. Denne styrken hadde han så lenge han levde.

Det var ofte mykje folk heime hos Dal-Elling. Stova hans var ei lita tømmerstove på om lag 3 x 4 m. Innreiinga var ein kokeomn, ein vask, ei seng, ein eller to benkar og eit bord med ein stol. Det var innlagt vatn. Det var truleg og ei kiste der. Det kunne vere opp til 20 personar i dette vesle rommet. Folk samla seg gjerne der mens dei venta på båten. Det var folk i alle aldra, men serleg var det mange ungdomar.

Dei snakka om lokale hendingar, om kva som nett hadde skjedd og om gamle dagar. "Lokalhistorie av første klasse" har eg høyrt nytta som ein karakteristikk av praten. Dal-Elling bante aldri og tålte ikkje at andre gjorde det. Dei som bante heime hos han fekk pålegg om å forsvinne ut av huset. Han smakte brennevin, men aldri meir enn to drammar.

Han var veldig glad i hestar, men hadde ikkje råd til å ha hest sjølv. Han bygde likevel stall, så han levde i håpet om ein gong å få hest. Stallbygningen hadde 3 etasjar. Nedst var stallen, over der var eit rom som vart nytta til høystål, og over der var det eit loft. Han heldt jonsokbryllup i høystålet, og innkvarterte også enkelte fantefølgje som han var kjent med. Han hadde avtalt med desse på førehand, møtte dei når dei kom med rutebåten, og gjekk i førevegen opp til stallen medan han spelte på tromme. Fantefølgjet budde der ei tid medan dei tok på seg ymse slag blekkslagararbeid. Under krigen vart rommet nytta som sjukestove for Arbeidstenesta. Huset til Yttri er delvis bygd over denne stallen

Han lånte ein gong ein hest av Anders Røysum. Det var ein dags arbeid som skulle gjerast, men han fekk ha hesten i 2 veker. Han stelte så godt med hesten at han stod opp midt på natta for å gje hesten sørp. Dette er ei blanding av hakkels (opphakka halm) og mjøl. .

Dal-Elling gjekk aldri i kyrkja eller inn på kyrkjegarden. Han stogga alltid utafor kyrkjegardsporten, men eg kjenner ikkje grunnen til dette. Han var medlem av statskyrkja og var ikkje medlem av noko anna trussamfunn. Han var likevel av og til i prestegarden.

Han heldt avisa Sogn, avisa som seinare vart til Sogn og Fjordane. Han var ikkje engasjert i politikk, men var trufast Høgremann. Han var svak for folk frå embetsstanden og det var nok samanheng mellom dette og det politiske synet hans. Dette er sikkert og grunnen til at han aldri var med i 1. maitog.

Han hadde eksert i Vik, og det seiast at det var der han lærte å slå tromme.

Han feira alltid gebursdagane sine, og da vart Knut Njøs, far til Hallvard Njøs, henta for å halde tale for han. Talaren skrytte da av han, og dette likte han så godt at han alltid måtte høyre det om att på neste gebursdag.

Han fekk seg aldri kone. Han meinte sjølv at det var nokre jenter som hadde eit godt auge til han, men det vart aldri noko ut av det.

Dal-Elling fall og brekte lårhalsen i april 1942 og kom på sjukehuset i Lærdal. Han kom seg aldri skikkeleg etter dette og døydde 16. juli 1942, 83 år gammal. Den siste tida budde han hos Johannes I. Henjum i Låna, han var i familie med han. Denne eigedomen er no eigd av Nils Fagerheim. Gravferdene den gongen tok til i heimen, og gravferda til Dal-Elling gjekk ut frå Låna. Det var mykje folk til stades. Nokre hugsar at det vart servert ekte kaffe, andre hugsar at dei fekk tak i bollar utan å måtte klippe rasjoneringskort.

Mens han var i Lærdal testamenterte han alt han eigde til Erling Yttri og kona hans, Margit f. Henjum. Bestemor til kona til Erling Yttri var søskenbarn til Dal-Elling. Medan han sjuk i Låna, tilbaud han Erling Yttri å lære han kunstene sine. Yttri vart beden om å gå ut i gangen, deretter inn i stova og så ut på kjøkenet og der skulle han sjå ut av glaset. Det første han fekk auge på skulle han gå ut og halde i. Yttri våga ikkje, men fortalde ikkje dette til Dal-Elling. Andre skal og ha fått dette tilbodet, men eg kjenner ikkje til at nokon tok i mot det.

Ein kan framleis finne grava til Dal-Elling på Leikanger kyrkjegard. På steinen står namnet Elling S. Fagerlund.

Etterord.

Eg har ikkje funne karakterane hans frå folkeskulen, men ein fekk i dei tider karakterar også ved konfirmasjonen. Det går fram av desse at Dal-Elling ikkje hadde hug til boklege syslar, og karakteren i oppførsel tyder også på at han var ein uroleg kropp. Han hadde ikkje vår sans for reinsemd, men det var han nok ikkje aleine om i dei tider. Han brydde seg berre om ei lita avgrensa del av verda, og det som låg utafor Vik og innafor Barsnes hadde lita eller inga interesse for han. Han hadde aldri noko fast yrke. Han fekk hjelp av gode naboar, både til mat og anna, men ingen syntest likevel at han låg dei til byrde. Tvertimot hadde han ord på seg for å vere god og hjelpsam.

Det er ikkje lett å få nokon til å gje ei kort utsegn om ettermælet til Dal-Elling. Han var ikkje som oss andre, og difor er det vanskeleg å skildre han slik ein skildrar andre, og eg får forskjellige svar. Ei kan seie med Ibsen at "Han var for stat som kirke et gagnløst tre", men eg er ikkje overtydd om at ein skal tenke på den måten om Dal-Elling.

Dal-Elling hadde mot til å være seg sjølv. Kanskje eit mot som mange hadde ynskt at dei hadde? Det er sers få som vert omtala 50 år etter at dei ikkje er her lenger og Dal-Elling er ein av dei. Det burde gjerne ha vore fleire?

Knut Skjånes.

Hit Counter