Den første busetnaden i bygda og på Henjum.

Dei første menneska som slo seg ned i landet vårt for omlag 8-9000 år sidan levde for det aller meste av fangst og veiding. I denne tida, som vi kallar den eldre steinalderen, var busetnaden samla der det var lett og rikeleg tilgang på vilt eller fisk. Det var ute ved kysten, eller oppe på fjellviddene, der reinsflokkane streifa omkring, at ein fann stordelen av busetnaden i eldre steinalder.
3-4000 år f.Kr. tok kunnskapen om jordbruk og husdyrhald til å vinna fram og menneska tok til å livberga seg på nye måtar. I den perioden som ein kallar den yngre steinalderen reknar ein med at dei første "bøndene" slo seg ned i bygdene våre her i Indre Sogn.
Klimaet og jorda høvde godt til jorddyrking, og her var gode beite for husdyr. Det er uråd å vita nett kor tid det vart fast busetnad her, men ein meiner å ha prov for at det har budd jordbrukarar i distriktet frå omlag 2000 år før Kr.  Vi kan såleis heller ikkje seia noko meir nøyaktig om kor tid det vart fast busetnad på Systrond, men naturtilhøva og dei klimatiske tilhøva skulle vel tyda på at dette var ei av dei første stadene jordbrukarar ville slå seg ned.
Heile Systrond ligg i ein sørvend og solrik bakkeskråning, jorda er - og var - for det meste særs god og vérlaget her er mildare enn dei fleste andre stader i Indre Sogn. Det er i alle fall sikkert at desse gardane er særs gamle. Det kan ein mellom anna sjå av alle gravhaugane, og alle fornminna ein har funne - og finn - på Henja.

Gardsnamnet Henjum         Tilbake